Ei husgruppe er ei gruppe menneske som gjer ein avtale om å møtast jamnleg for å søkje Gud saman og ha fellesskap med kvarandre. Andre ord for det same er bibelgruppe, cellegruppe eller husfellesskap.
Som regel samlast husgruppa heime hos nokre av medlemma på kveldstid. Ofte et ein litt eller drikk berre te og kaffi saman og ber saman. Nokre grupper syng saman, nokre har eit særskildt fokus på å studere Bibelen saman eller dei førebur seg på tekstane i gudstenesta som kjem. Andre har meir fokus på å dele frå livet med kvarandre. Gruppene vel sjølv korleis dei vil vera saman, men vi ynskjer at det er ein stad for å søkje Gud og lere han betre å kjenne – saman.
I Ørsta frikyrkje har vi for tida fem husgrupper, der ei kvinnegruppe har eit særskildt fokus på misjon. Ynskjer du å vera med i ei husgruppe eller ynskjer meir informasjon om kva det inneber, kan du kontakta pastor Eli Hatlen.