JUNIOR

JUNIOR er ei samling for tweens frå 4.-7.klasse.
Vi bruker opplegget Aldri Alene som tar opp aktuelle tema som aldersgruppa er opptatt av.

Vi møtes i HEIM-lokala og har ei samling om temaet, leiker/konkurransar, mat og prat i lag.

 

 

JUNIOR SPØR

Eg undrast på...Kva? Kvifor? Korleis? Kven?

JUNIOR har sin eigen spørjeboks der dei kan skrive spørsmål på ein lapp og så pratar vi saman om spørsmåla neste gong vi møtast.

Her finn du spørsmåla som har blitt lagt i boksen, og pastoren har forsøkt å gje eit svar. Kanskje er det andre som lurar på det same?

 

Spørsmål fra Junior 7.2.24:

Kvifor finst eg?
Gud ville akkurat deg, og han skapte deg akkurat slik du er for at du skulle vere deg. Ingen menneske er heilt like, og alle menneske er skapte i Guds bilde.
David skriv om det i Salme 139, 13-18
13 For du har skapt mine nyrer, du har vove meg i mors liv.

14 Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga. Underfulle er dine verk, det veit eg godt.
15 Knoklane mine var ikkje skjulte for deg då eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.
16 Auga dine såg meg då eg var eit foster.
Alle dagar er skrivne opp i di bok, dei fekk form før éin av dei var komen.

17 Dine tankar, Gud, er dyrebare for meg, summen av dei er ufatteleg!
18 Tel eg dei, er dei tallause som sand, blir eg ferdig, er eg enno hos deg.

Kvifor skapte Gud akkurat oss menneske?
Gud er fellesskap. Han er tre i ein; Gud, Jesus og den Heilage Ande. Gud skapte menneska i sitt bilde fordi han ville ha nokon å ha fellesskap med. Menneska er spesielle i Guds skaparverk, vi er sosiale og søkjer fellesskap med andre. Vi har fått fornuft og kan undre oss over det som er skapt.

Korleis kan vi vite kven som satt alt i gang?
Vi kan ikkje vite sikkert kven som satte alt igang. Dette er noko av det vi må tru. Samtidig seier fornuften vår at det er meir sannsynleg at noko satte alt igang enn at alt skjedde av seg sjølve. Eg ser på alle store og små detaljar i naturen og tenker at det er bevis for at nokon må ha planlagt alt. Eg tenker og det er viktigare kven som satte i gang ting enn korleis nøyaktig han gjorde det. Som vi lærte i første samling: Vitenskapen fortel korleis ting er skapt. Bibelen fortel kvifor ting er skapt.

Eg trur på Gud, men ikkje på Jesus, skal eg kalle meg ein kristen då eller?
I Bibelen kan vi lese at Jesus var med heilt frå skapinga. Jesus har alltid vore ein del av Gud, og hans plan for skapinga og menneska. Menneska har alltid søkt ein guddom, noko som kan forklare korleis ting heng saman. Den kristne Gud høyrer tett saman med Jesus og den Heilage Ande. Det går an å tru på ein gud utan å tru på Jesus. Men den Gud vi les om i Bibelen er og Jesus, altså må vi nesten tru på begge for å kalle oss Kristne.
Paulus skriv i Korintarane 13, 9-12
9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.
10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende.
11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.
12 No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

På ein poetisk måte seier Paulus at vi berre skjønar litt av Gud og hans plan medan vi er her på jorda. Å tru er ikkje å vete, men meir å håpe. Og så viser Gud oss meir og meir gjennom livet. Det er ikkje alt som er like lett å tru på, men om vi ønsker å lære meir og skjønne meir kan vi lese meir om Gud i Bibelen, og vi kan være saman med andre som trur og høyre på kva dei tenker, og vi kan be til Gud og lytte etter hans stemme. På den måten skjønner vi stykkevis, og kan gle oss til vi kjem til himmelen og får sjå alt slik Gud har skapt det. Då vil vi skjøne korleis alt henger saman.

Jesus heldt fram dei små barna som førebilete i tru. Eit lite barn si tru kjenneteiknast av tillit meir enn forstand. Når vi stoler på Gud og hans tankar om oss då kan vi kjenne på den same tryggleiken som eit barn som stolar på sine gode foreldre. Om det er vanskeleg å tru på at Jesus er Guds son, og at han stod opp frå dei døde, kan vi stole på at Gud, som var før alt, som skapte alt, og har makt over døden. Gjennom livet vil vi fleire gonger kjenne på tvil, men tvil er ikkje det motsette av tru. Du kan tru, sjølv om du tvilar.

Powered by Cornerstone