Ørsta Frikyrkje arrangerer tur til klosterøya Selja.
Vi får båtskyss og omvisning ved Fjord Guiding.
Avreise frå hamna i Selje kl.13.00
Vi blir på øya i ca.2 timar. Dei som vil kan gå frå klosteruinane til bebyggelsen på Selja og få skyss derifrå til land.
Ta med klede etter været, hugs vi skal heilt ytst i havgapet.
Mat og drikke til deg og dei du har med deg.
Vi køyrer i private bilar til og frå Selje. Treng du nokon å sitte på med gir du beskjed om dette i påmeldinga så ordnar vi det. Gi og beskjed om du treng å låne bilstol.
Prisar:
Vaksne 350 kr
Born (4-16år) 150 kr
Born (0-3år) Gratis
Kan du ikkje betale, men vil gjerne vere med likevel?
Velg "gratisbillett" i påmeldinga.