På Kilsbrekka mellom Straumshamn og Bjørkedalen stod det i gammal tid ein steinkross. Krossen vart teken av snøras i 1785. Steinkrossen som står der no, vart avduka i 1914. Staden er ein flott stad med vidt utsyn til landområda rundt. Det går ferge Volda-Folkestad kl.10.30 Vi møtast på parkerings-/bubilplassen like ved riksvegen ved osen av Bjørkedalsvatnet. Vi følgjer den gamle postvegen langs vestsida av vatnet. Grei sti, noko ulent på slutten. Det vert ei enkel samling med tidebønn og song ved krossen. Ta med mat og drikke.