Songkveld Sigvard Engeset 140år
Søndag 16. november, 2025 19:00
Eit møte med
trubaduren frå Engeset!
Om Sigvard Engeset (1885-1974) er
det sagt at han er å rekne mellom dei
største songforfattarane i førre
hundreåret. Han skreiv mellom 500 og
600(!) songar og salmar. Dei kom i all
hovudsak til ved at han nynna ein
melodi, gjerne medan han var ute og
gjekk, og skreiv sidan vers etter vers
rett ned på papiret.
Sigvard Mathias Engeset vart fødd i
Syvergarden på Engeset i Ørsta for
140 år sidan. I det høve vil Ørsta
Frikyrkje markere jubileet søndag 16.
November med ein songkveld.
Vi har fått med oss tenoren Frode Ose,
Kirsten Ragnhild Grimstad og Jon
Ståle Lystad til å ta seg av det
musikalske, medan Elin Krøvel-Velle og
Elias Roger Moe vil lose oss gjennom
kvelden med glimt frå Engeset sitt
innhaldsrike liv.
Mange i lokalmiljøa våre har framleis gode minne knytt til Sigvard Engeset og set stor pris
på songane hans. Dei vil såleis ha stor glede av dette arrangementet.
Vel møtt til ein søndagskveld der både allsong og solistinnslag vil stå i sentrum. Kollekt til song- og musikklivet på Frikyrkja.