Årsmøtet er det årlege møtepunktet der vi saman får eit overblikk over arbeidet i Ørsta Frikyrkje. Her er det mogleg å seie det du meiner, stille spørsmål til fellesskapet og ledelsen, og generelt halde deg oppdatert på kva som skjer i kyrkja vår. Har du saker du ynskjer vi skal diskutere i dette møtet kan du melde desse til pastor.orsta@frikyrkja.no eller kontor.volda@frikyrkja.no
Alle som ynskjer det kan delta på årsmøtet i Ørsta Frikyrkje og har talerett.
Kun medlemar med stemmerett kan stemme.
På årsmøtet går vi gjennom årsmeldingar frå året som var, og vedtar budsjett for året som kjem.
Årsmelding for Ørsta Frikyrkje 2021
I tillegg vil vi gjere vedtak om synodesaka "Styring og ledelse i lokalmenigheten"
Link til saksfremlegget finn du her.
Og vi bruker tid på å jobbe med vår eigen organisering og ansvarsfordeling.
Forslag til organisasjonskart for Ørsta Frikyrkje
Det vert enkel servering.
Vel møtt!
Saker til handsaming:
Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2 Val av sekretariat
Sak 3 Orientering og samtale om organisering og ansvarsområde (organisasjonsplan)
Sak 4 Synodemøtesak: Lokal styringsstruktur
Sak 5 Årsmelding
Sak 6 Rekneskap
Sak 7 Budsjett
Sak 8 Val av komitear og råd
Sak 9 Ymse