Årsmøte 2023

Årsmøtet er det årlege møtepunktet der vi saman får eit overblikk over arbeidet i Ørsta Frikyrkje. Her er det mogleg å seie det du meiner, stille spørsmål til fellesskapet og ledelsen, og generelt halde deg oppdatert på kva som skjer i kyrkja vår. Har du saker du ynskjer vi skal diskutere i dette møtet kan du melde desse til pastor.orsta@frikyrkja.no eller kontor.volda@frikyrkja.no

Alle som ynskjer det kan delta på årsmøtet i Ørsta Frikyrkje og har talerett.
Kun medlemar med stemmerett kan stemme.

På årsmøtet går vi gjennom årsmeldingar og rekneskap frå året som var, og vedtar budsjett for året som kjem.
Årsmelding 2022 Regnskap 2022 Budsjett 2023
Protokoll for årsmøtet 2023

Det vert enkel servering.
Vel møtt!

Innkalling og saksliste  
Årsmøte i Ørsta Frikyrkje 2023 

Tid: Torsdag 23.mars kl.19-21 
Stad: Kyrkjekjellaren, Ørsta Frikyrkje 

Du er og invitert til MYLDREDAG 
Middag kl.15.30-17.30 
Aktivitetar for barn kl.17-18 
Kvardagsgudsteneste kl.18 

SAKSLISTE 

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste 

  1. Val av referent 

  1. Val av (2)signatur protokoll 

  1. Godkjenning av dugnadslister 

  1. Val av utsendingar til presbyteriemøte i Volda 20.-22.oktober 2023 
    Pastor + ein frå eldsteråd 

  1. Årsmelding 2022 
    Har di gruppe/virkegrein ei årsmelding som skal med?  
    Send til pastor.orsta@frikyrkja.no seinast 20.3. 

  1. Regnskap 2022 

  1. Budsjett 2023 

  1. Verkstad – evaluering av 2022 

Som forberedning til verkstadsarbeid ber vi om at du svarer på eit evalueringsskjema  
før 20.3. Link til evalueringsskjema: https://forms.gle/2So48WLYd6Tnyqej6  

  1. Eventuelt 

Powered by Cornerstone