Når eit barn ser at vaksne finn tryggheit og kvile i trua er dette noko dei ber med seg gjennom livet.
Når dei ser at foreldra prioriterer å bruke tid i bønn og/eller med å lese i Bibelen, og når dei vert teken med på gudstjeneste og andre ting som skjer i kyrkja skjøner dei at dette er viktig for dei vaksne, og det vert og viktig for dei.
Mange undersøkelsar viser at born og unge får med seg om trua til dei vaksne betyr noko meir. Om dei opplever at trua betyr lite eller ingenting gjennom veka mister ho truverdet, og dei unge tenkjer at trua ikkje er viktig og ikkje er relevant for livet.
Difor er det vikitg å la barna sjå korleis du praktiserar trua i kvardagen, og lage eigne praksisar de kan gjere ilag.
Gud har lova å vere med gjennom generasjonar, sjølv om tidene skiftar er Gud den same, han gjev kjærleik og fred.