Talar/Tru i praksis

Tru i praksis

10.05.2022
Ei bøn, ein song, bibellesing eller ei andaktsbok. Gode gjerningar og omtanke for medmenneske. Ei teneste i kyrkjelyden. Tips og idear til kvardagstru.

Trua kan komme til utrykk på mange måtar i våre liv. Nokre uttrykk kjem som frukt av at vi lever i Guds nærleik, medan andre praksisar gjer vi fordi vi ønsker å leve tattare med Gud.

Korleis vi møter og har omsorg for våre medmenneske er oftast ei frukt av kjennskap og nærleik til Gud.
Vi gjer det ikkje for gjerningane si skuld, men fordi han har elska oss fyrst. 

Praksisar som tek oss nærare til Gud er f.eks. bønn og bibellesing. Dette er og praksisar vi kan gjere i fellesskap med familie og vener. Under følgjer tips til praksisar du kan gjere sjølve eller i fellesskap med andre.

 

Bønn:

Bønn er relasjon mellom deg og Gud. Kva er ditt hjartespråk i møte med Gud?
Nokre vil helst be åleine og gjerne i stille, andre ber gjerne høgt saman med andre. 
Ein kan be i tunger, be med sukk, be med ferdige bønner eller med eigne ord. 
Bønn tek deg nærare Gud, og skapar ein personleg relasjon med han.
Kva trivast du med når du er saman med andre menneske? Korleis byggjer du personlege relasjonar med menneska som står deg nær? Kanskje svaret på dette og gjev svar på korleis du kan byggje ein personleg relasjon til Gud.
Jesus og Bibelen gjev oss fleire eksempler på korleis be. 

Bibel:

Bibelen er Guds ord til oss menneske. Når vi les i Bibelen får vi meir kjennskap til Gud og hans kjærleik til menneska. Vi seier at Bibelen er ei levande bok, den kan vise oss nye ting sjølv om vi har lest det same fleire gonger før. På den måten vert du aldri ferdig med å lese i Bibelen, den gjev deg ny innsikt og kunnskap gjennom heile livet.
Ein fast rutine på bibellesing er verdifull, men kanskje ikkje alltid like lett å få til. Begynn med små steg og det du kan klare i din livssituasjon.

Tips:
- Du finn Bibelen digitalt på bibel.no. Der delast og daglege bibelavsnitt. Gjer det til ein vane å byrje eller avslutte dagen med å leite opp dagens bibelvers.
- Har du litt meir tid kan du  for eksempel skaffe deg ein bibelleseplan.
- Det finst og podkastar som gjev deg bibelbetraktningar, eller som berre les bibelen høgt for deg.
- På youtube kan du leite opp "The Bibel project" der finn du små videosnuttar som gjev deg meir innsikt i dei ulike delane av Bibelen. Fleire av videoane er omsette til norsk.
- I ei bibelgruppe kan du i fellesskap med andre dele tankar kring bibeltekstar. Då kan det vere fint å ta utgangspunkt i for eksempel kyrkjeårets tekstar.

Trusamtalar:

Korleis legg du opp til samtaler om tru i kvardagen? Veit dei menneska du har rundt deg at du er ein kristen?
Det kan føles vanskeleg å skulle forsvare Gud og eiga tru for eksempel i eit kollegafellesskap.
Då er det godt å ha litt øvelse frå kyrkja eller familien. Og ein treng ikkje ha alle svara for å gå inn i ein samtale, om du våger stå for trua di vil du nok ofte oppleve at folk respekterer dette. Nokre vil kanskje og oppleve rom for nye samtaler. Gud har ikkje lova oss at det skal vere enkelt å følge han, men han har lova å alltid vere med oss uansett. Vi som trur har noke som er større enn denne verda, og Gud vil vi skal dele det.

Tips:
- Når små barn spør dei sedvanlege "Kvifor..." så kan du for eksempel svare: "Gud skapte det slik" er du av dei som gjerne vil forklare det naturvetenskapleg kan du jo fortsette med å fortelje korleis Gud har skapt det.
- Når de ser ein film eller eit tvprogram i lag kan de leggje opp til ein refleksjonsrunde i etterkant: "Kva ville Jesus likt eller ikkje likt med denne filmen/dette programmet?"
- FriBU har vore med å lage ein samtaleboks som heiter "InPut" denne boksen har mange kort med introduksjon til samtale kring mange ulike tema som er aktuelle for born og unge.
- Når de deltek på ting i kyrkja saman kan de gjere det til ein vane å snakke om dette på veg heim frå kyrkja.

Andaktsstund:

Sett regelmessig av tid til ei andaktsstund. Finn ei andaktsbok som du likar, og bruk den. Det finst mange ulike andaktsbøker for ulike livssituasjonar.

Tips:
- NRK har dagleg morgonandakt som du kan følgje med på, eller du kan søkje opp ulike podkastar med andakter og bibeltimer.

Song og musikk:

Vi har ulike forhold til sang og musikk, og ulike måtar å bruke det på. Men uansett er sang og musikk ei god kjelde til næring for trua. Du kan syngje åleine eller saman med andre. Kristne sanger som minner deg om trua. Det finst mykje ulik kristen musikk i dei fleste sjangrane, og på mange ulike språk.
Dei som arbeider med eldre og demente ser at song og musikk sit i minnet sjølv om mykje anna er borte. Enkle sangstrofer ber du med deg gjennom heile livet til oppbygging og trøyst.

Tips:
- Gjer det til ein vane å syngje kristne sangar til eller saman med, barn og barnebarn.
- Lag deg spelelister som du kan spele i bilen, når du gjer husarbeid eller går ein tur...eller bare når du vil høyre på musikk.

Kristen litteratur:

Det finst kristne bøker i ulike sjangrar og for ulike aldersgrupper. Skal du lese for dine barn eller barnebarn kan det være fint å lese frå ein barnebibel eller ei anna bok med kristent innhald. 

Teneste:

Bibelen seier at vi som trur er deler av Kristi kropp. Vi er hans hender, føter, auge og munn i verda. Når vi tjener Gud og våre medmenneske gjer vi Jesu gjerningar. Finn  ein stad der dine gåver og tjenester kan kome til nytte for kyrkja og Guds rike.

Fellesskap:

Gud har skapt oss til felleskap. Fellesskapet både gjev oss påfyll og krev vår tilstedeværelse. Å vere ein del av eit fellesskap som regner med deg, og som saknar deg når du ikkje er der er viktig for ditt velvære. Ein god felleskap gjev deg tryggleik og byggjer tru og sjølvbilde. 
I kyrkja har vi ulike felleskap, av ulik størrelse. Nokre fellesskap tilhøyrer vi alle, medan andre fellesskap er for ei spesiell aldersgruppe eller for menneske med ein spesiell interesse. Vi har og mindre fellesskap der vi kan verte betre kjend med kvarandre og knyter nærare band. Som kyrkje bør vi etterstrebe at våre fellesskap alltid har plass til fleire, og at dei som allerede er ein del av fellesskapet tar godt imot alle som kjem innom på besøk, eller som ynskjer å verte ein del av fellesskapet.

Powered by Cornerstone