Hausten 24 er du velkomen til å bli med på ALPHA-kurs i Ørsta Frikyrkje.
ALPHA-kurset er for deg som søkjer meining i livet, og for deg som er nysgjerrig på kristen tru.
Ein ALPHA-kveld starter med eit måltid før vi ser ein undervisningsfilm saman, samlinga avsluttast med samtale i mindre grupper. Du treng ikkje seie noko i gruppesamlinga, men du skal og vite at alt er lov å seie.
ALPHA-kurset er gratis.
ENGLISH:
Autumn 24 are you welcome to ALPHA-course in Ørsta Frikyrkje.
ALPHA-course is for you who are seeking meaning in life, and for you who are curious on christian faith.
A ALPHA-evening will contain the shearing of a meal, an educational film and end with conversations in smaler groups.
You do not have to say anything during the course, but you should also know that anything can be said.
The ALPHA-course is free.
Link til påmelding / Link for registration: https://forms.gle/ZsFC3rypUh3jpAPY8
Avisomtale:
ALPHA-KURS I ØRSTA FRIKYRKJE
Kva er meininga med livet? Kven er eigentleg Jesus? Og kva er det eigentleg dei kristne trur på? Er dette spørsmål du har undra deg over? Eller kjenner du at du er litt nysgjerrig på den kristne trua? På ALPHA-kurs har du anledninga til å få lære meir om den kristne trua og dei kristne praksisane. Ein kurskveld startar med ein god kveldsmat og prat rundt borda, før vi ser ein undervisningsfilm saman. Undervisningsfilmen er laga med engelsk lyd, og teksta på 75 ulike språk. Kvar kurskveld har eit eige tema, og etter undervisninga samlast vi i mindre grupper for samtale om dagens tema. I ei slik gruppe er det mogleg å stille alle spørsmål du måtte ha, og ingen synspunkt eller tankar er feil. Det er ingen krav til forkunnskap eller tru for å delta på kurset, vi håpar det vert ei fin blanding av menneske med ulike perspektiv og erfaringar som kan vere med å gjere kurset til ei god oppleving.
Gjennom hausten vert det 10 kurskveldar, ei helg med 3 undervisningar og gudsteneste, og vi avsluttar kurset med ein felles middag der du kan invitere med deg menneske som du vil anbefale kurset til. Kurset er gratis, og første kurskveld kan du kome berre for å vurdere om dette er noko du vil vere med på vidare.
|