Prisar:
Vaksen Fullpensjon 2 dagar med overnatting kr 1 600,-
Vaksen Fullpensjon laurdag kr 600,-
Barn 4-12 år Fullpensjon 2 dagar med overnatting kr 800,-
Barn 4-12år Laurdag kr 300,-
Barn 0-3 år GRATIS
Bobil/telt kr 150,-
Vaksen, middag søndag kr 350,-
Barn 4-12år, middag søndag kr 100,-
Maks pris pr. familie kr 3 500,-
Vi vil gjerne ha med flest mogleg på tur.
Er det fortsatt mykje å betale, er det mogleg å få helga gratis. Dette opplyser du enkelt om i påmeldinga. Faktura for helga vert sendt direkte frå påmeldingssida, og berre pastor har tilgang til oversikt over kven som betaler kva.
Barn og familiar får god pris på helga sponsa av FriBUgruppa «SPIRE – familiearbeid i Ørsta Frikyrkje». Vi ber om at dei familiane som kan betalar medlemskontingent (50kr pr barn) til SPIRE. Samtykkeskjema og betalingsinformasjon for medlemskontingent vert utdelt ved ankomst.
Påmeldingsfrist: 13.10.25 Kl.24.00
Har du spørsmål? Ta kontakt med Eli Hatlen pastor.orsta@frikyrkja.no/48090157
Overnatting - Dei som vil overnatte får rom tilpassa familiestørrelse. Gje beskjed om de har spesielle behov eller ønske, så prøver vi å imøtekome desse. Det er mogleg å overnatte i bubil/campingvogn/telt. De har då tilgang på sanitæranlegg i eit av bygga.
Vi ønsker at det skal vere stor fleksibilitet når det kjem til kva du kan/ønsker å delta på, det er derfor mogleg å delta utan overnatting. Vi oppmodar likevel alle til å delta på mest mogleg av programmet. Ei kyrkjelydshelg er viktig for relasjonane i kyrkja vår, vi vert kjent på ein annan måte når vi er saman over lengre tid.
Mat – Vi får servert 3 måltid pr.dag. Deltek du berre på dagtid må du betale for fullpensjon sjølv om du ikkje er med på alle måltida. Gje beskjed om du treng tilpassa diett.
Laurdag 18.
Kl.11.00 Innkvarteringa opnar
Kl.21-21.30 Stilletid og bøn i møterommet i hovedhuset
Søndag 19.
Kl.08-10.00 Frukost
Kl.17.00 Slutt
Det kan kome små endringar i programmet.
Kjeldsund leirstad – Kjeldsund ligg idyllisk til mellom små holmar og skjær på Gurskøya i Herøy kommune. Det tar ca. 35 minutter å kjøre fra Ørsta. Kjør Eiksundsambandet og ta mot Myrvåg i rundkjøringa på Garnes. Ved Myrvåg tek du av mot Leikong/Larsnes og køyrer opp ein kort bakke før du ser skilt og avkjørsle til Kjeldsund på venstre side av vegen.
Kjeldsund er eigd av NMS og har mykje aktivitet gjennom året. Det er ein flott stad med variert aktivitetstilbod. Her er ulike båtar, zipline i hagen, diskgolfbane og fotballbane, og fine turstier.
Vi søv i hovudsak i hovudhuset, der finn du og matsalen og eit lite møterom som vi disponerer. Møtesalen ligg i eit eige hus, her er sanitæranlegg i kjellaren for dei som campar.