Ørsta Frikyrkje ønsker å vere eit fellesskap med rom for alle som ønsker å høyre til. 
Når vi deler tru og liv med kvarandre gjev det oss næring til livet saman med Jesus.
Nokre søndagar samlast vi i heimane til HEIMEKYRKJE. Og du er invitert med.

Ei HEIMEKYRKJE vert satt saman av heimar med variasjon i alder og livssituasjon. Gruppene møtast i heimane for å dele måltid, tru og liv. Gruppa avgjer sjølve kva heim dei møtast i, og kva mat dei skal dele. Gruppa får eit forslag til ei enkel ramme kring samlinga som inkluderer ein kort lesetekst, bønnepraksisar og deling av liv. For grupper med barn anbefalar vi å nytte FriBU sitt opplegg for Familiegruppe.

Ønsker du og din heim å vere med i ei HEIMEKYRKJE kan de melde dykk på til pastor.orsta@frikyrkja.no. Gruppene vert satt saman fortløpande.
 

Alle HEIMEKYRKJENE er opne grupper, og det oppmodast til å invitere med fleire i gruppa, vert gruppa for stor bør ho delast slik at det vert plass til fleire.
Om ein oppsett søndag passar dårleg for gruppa kan de verte samde om å møtast eit anna tidspunkt.
Det er mogleg å nytte lokaler i kyrkja til HEIMEKYRKJE om det ikkje høver å møtast i ein heim.

Powered by Cornerstone