Gjevarteneste er ei gåve både til den einskilde og til kyrkjelyden. Du får vere med å gje attende til Guds rike av alt det han har gjeve oss.
Kyrkjelyden sitt kontonr er: 3992.30.04630
Vipps-nummer 98513
Du kan gje kontantar på gudstenester og andre arrangement.
"For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera." (Matt 6,21)
Ørsta frikyrkje er eit fellesskap vi bygjer saman. Som frikyrkje får vi lite offentleg støtte, og drifta er dirfor avhengig av fast gjevarteneste fra medlemane våre. Regelmessige gåver gjev forutsigbarhit og gjær det mogleg å fortsette kyrkjelyden sitt arbeid med gudstenester, misjon og fellesskap.
Vi ønsker å invitere deg til å bli med – ikkje av tvang, men fordi vi trur det er ein viktig del av kyrkjelydslivet og eit uttrykk for fellesskap, ansvar og tru.
Det er eit mål for kyrkjelyden å dekke kostnadar til drift gjennom fast gjevarteneste.
Om du vil opprette eller auke fast gjevarteneste kan du ta kontakt med vår rekneskapsførar Geir Høydalsvik geir(a)reknehuset.no 900 49 019
Eller svare i dette skjemaet:
Tal frå rekneskapen for 2024 i heile 1000:
Fast gjevarteneste: 463 000kr (2023: 500 000kr)
Driftsutgifter: -1 671 000kr (2023: -1 600 000kr)
Inntekter: 1 485 000 kr (2023: 1 520 000kr)
Kollekt: 204 000kr (2023:172 000kr)
Offerdagar: 160 000kr (2023: 160 000kr)
Julemesse: 56 000kr (2023: 85 000kr)
Bidrag til fellesarbeidet i DELF: -158 000kr (2023: - 160 000kr)
Bidrag til Misjonsarbeidet i DELF: -118 000kr (2023: - 90 000kr)
Momskompensasjon, tilskot frå utviklingsfondet og skatterefusjon frå kommune: 482 000kr (2023: 350 000kr)