Ørsta frikyrkje

Ørsta frikyrkje er ei kyrkjelyd for alle generasjonar. I frikyrkja møtast folk i alle aldrar, frå nyfødde til langt oppi 90-åra. Kyrkjelyden ynskjer å bety noko i lokalsamfunnet i Ørsta og for einskildmenneske i området.

I Ørsta frikyrkje vil du møta engasjerte folk i mange ulike oppgåver og tenester med alt frå å leie gudstenester, stelle i stand kyrkjekaffi, synge og spele, i søndagsskulen og med kyrkjevask til meir tekniske ting som lyd og bilde. Vi ynskjer å vere ei levande kyrkjelyd der det skal vere plass til alle og der den einskilde kan få bruke talenta og gåvene sine.

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja i Norge

Ørsta frikyrkje er ein kyrkjelyd i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja i Norge.
På Sunnmøre er vi fem kyrkjelyder, og ansatte og leiarskap møtest med ujamne mellomrom for støtte og fellesskap.

Vil du vil du vite meir om kyrkjesamfunnet vårt, bruk denne linken.
 

FriBU

Frikyrkja har sin eigen organisasjon for barn og ungdom, FriBU.

Her finn du ein link til meir informasjon.
 

Historia til Ørsta Frikyrkje

Kyrkjelyden i Ørsta si historie går attende til mellom anna ei vekking i Ålesundområdet tidleg på 1890-talet. Kyrkjelyden vart skipa i 1896 og det var 26 vaksne og 35 born som melde seg inn. Per 1.1.2019 tel kyrkjelyden 229 medlem, der 118 av dei har valt å ha stemmerett.

Etter at kyrkjelyden har vore i ulike hus ned gjennom historia, er frikyrkja no eit landemerke sentralt i Ørsta sentrum: Bygget vart teikna av arkitekt Asbjørn Barstad og sto ferdig i 1964. Krossen på tårnet lyser om kveldane og kan sjåast frå store deler av bygda.

Vil du vite mer om kyrkjelyden vår og historia, kan du etter kvart lesa meir om oss her.

Powered by Cornerstone