Du kan leige Ørsta frikyrkje

Det er mogeleg å leige Ørsta frikyrkje til ulike arrangement. Lokala er særs godt egna til selskap av ymse slag; barnedåp, konfirmasjon og runde dagar, men òg til minnesamvær. Lokala i kjelleren er lyse og trivelege. I matsalen er det lyddemping i taket, og lys som kan dimmast. 

Det er tilgang til kjellaren gjennom hovuddør og ei sidedør. Det er òg heis i kyrkja, slik at rullestolar og barnevogner kjem seg enkelt ned i kjellaren. Her finst eit tilrettelagt toalett som og har stellebord for babyar.

Her finn du prisliste/leigekontrakt

Her finn du litt informasjon om du ynskjer å leige kjellaren til minnesamvær.

 

NÅR ER LOKALA LEDIGE?

Få oversikt i aktivitetsplanen vår.

 

MATSAL

Her er det mogeleg å dekke til ca. 100 personar, rundt småbord eller lengre bord. Ved mindre selskap, kan ein dekke både til middag og ha klare kaffibord samtidig. Det står eit elektrisk piano i lokalet. Her finnes ein liten prosjektor og eit stort lerret om ein ønskjer å vise bilete eller film. Her er òg anlegg for eit par mikrofonar, om det trengs.

Du kan leige Ørsta frikyrkje

 

 

 

 

 

 

 

 

 

PEISESTOVE

Peisestova er skilt frå matsalen med ein foldedør/vegg, slik at ein kan utvide matsalen med peisestova. I peisestova er det mogeleg å dekke til ca. 20 personar. Utan at alle kan sitja ved bord, kan ein godt vere 30 personar i peisestova. Her finn ein òg eit par kasser med leiker til små born.

Du kan leige Ørsta frikyrkje

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KJØKEN

Kjøkenet er ganske stort, med benkar og bord til matlaging og oppvask. Her er dekketøy til ca. 120 personar, med fat og bollar attåt. To heilt ordinære komfyrar med fire plater og steikeomn i kvar. Det er 3 kaffitraktarar og ein vasskokar, samt mikrobølgjeomn og oppvaskmaskin for storkjøkken. Det står to store kjøleskap der ein kan disponera mykje av plassen. Vi har òg ein frysar der det oftast vil vera noko plass til frysevarer. Fleire stader i kjellaren finnes også kalde rom, der det er mogeleg å setje mat som ikkje treng kjøleskap.

Du kan leige Ørsta frikyrkje

 

 

 

 

 

 

KYRKJESAL

Ørsta frikyrkje sin kyrkjesal eignar seg godt til konsertar og liknande arrangement. Her er ca. 250 sitjeplassar. (NB: Det krevst ekstra vakt om ein vil nytta galleriet.) Kyrkja har eit nytt lydanlegg og vi rår til at ein leigar inn ein teknikar om ein vil bruke kyrkjesalen til konsertar. Her finst elles kyrkjeorgel på galleriet, flygel, slagverk og ein god bassforseterkar. Her er òg prosjektor og eit stort lerret montert på frontveggen.

Du kan leige Ørsta frikyrkje

 

 

 

 

 

 

INNGANGSPARTI MED HEIS 

Vi har heis som tar deg til både kyrkjesal og kjellarlokala.

Du kan leige Ørsta frikyrkje

 

 

 

 

 

 

 

 

 

GARDEROBE OG TOALETT I KJELLAR

Du kan leige Ørsta frikyrkje
Powered by Cornerstone