Ørsta Frikyrkje ønsker å vere eit fellesskap med rom for alle som ønsker å høyre til. 
Når vi deler tru og liv med kvarandre gjev det oss næring til livet saman med Jesus.
Våren 24 er første våren vi testar HEIMEGRUPPER. Og du er invitert med.

Ei HEIMEGRUPPE vert satt saman av tre heimar med variasjon i alder og livssituasjon. Gruppene møtast i heimane minst tre søndagar våren 24 for å dele måltid. Gruppa avgjer sjølve kva heim dei møtast i, og kva mat dei skal dele. Gruppa får eit forslag til ei enkel ramme kring samlinga som inkluderer ein kort lesetekst, bønnepraksisar og deling av liv.

Ønsker du og din heim å vere med i ei HEIMEGRUPPE kan de melde dykk på til pastor.orsta@frikyrkja.no. Gruppene vert satt saman fortløpande.
Samlingane våren 24 er satt til: 11.februar, 10.mars og 7.april.

Powered by Cornerstone